Bakgrunn for saka

I 2016 blei det på årsmøtet bestemt at ein skulle melde bedehuset inn i einingsregisteret i Brønnøysund. Grunnen til dette er blant anna at fleire av våre leverandørar krev eit organisasjonsnummer for at bedehuset kan vera kunde hjå dei. Alternativt må ein person i styret stå ansvarleg for kundeforholdet, noko som ikkje er ynskjeleg (sjå vedlegg 1 – Registrering av Rubbestadnes bedehus i Brønnøysundregistrene).

Innmelding blei sendt den 21.08.16 under organisasjonsforma foreining/lag/innretning. Innmeldinga blei ikkje godkjent på grunnlag av at vedtektene til bedehuset ikkje er forenlige med organisasjonsforma.

Dei viktigaste ankepunkta i innmeldinga er at det er uklart om bedehuset er ei foreining. Pr definisjon er det ikkje er nokon som kan eiga ei foreining, (sjå § 1 i bedehuset sine vedtekter i vedlegg 4), og at det ikkje er ein paragraf som seier noko om ei eventuell oppløysing av foreininga/bedehuset. (Sjå vedlegg 2 – Brønnøysundregistrene – Sammendrag av elektronisk registrering og vedlegg 3 – Brønnøysundregistra – Meldinga ikkje godkjent).

Styret har vore i kontakt med saksbehandler i Brønnøysundregisteret og fått informasjon om kva som må endrast i vedtektene for at bedehuset kan få godkjent ei innmelding i registeret.

Styret har etter tilbakemeldinga frå Brønnøysund utforma eit forslag til endring av vedtektene (Sjå vedlegg 4 - Forslag til nye lover for Rubbestadnes bedehus).

For at vedtektene skal bli så bra og hensiktsmessige som mogleg er det ynskjeleg med innspel til styret på endringa av vedtektene.

Eventuelle innspel kan sendast på mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller pr post til Hanna Sortland Raknes, Ramsneset 15, 5420 RUBBESTADNESET innan 20.01.2017.

Eventuell endring av vedtektene vil bli ei viktig sak på årsmøtet den 15.02.2017.

Med venleg helsing frå styret i Rubbestadnes bedehus

Hanna Sortland Raknes (leiar), Magne Ekanger, Anja Bergtun Hope, Inge Olav Kalsås og Liv Nygård.