18. november inviterer me til «Bedehustorg» på Rubbestadnes bedehus! 

 

Bedehustorget er eit triveleg og populært arrangement med mange aktivitetar for store og små. Her kan du eta laurdagsgrauten med familien og kose deg med kaffi, smørbrød og kaker frå eit rikhaldig og lekkert kakebord.

Me har baka, strikka og sydd, nokon har hekla, vevd og sylta slik at du kan sikre deg flotte handlaga produkt og heimelaga godsaker. Her er julegåver og koselege småhelsingar du kan gi til venner og familie - eller noko du kan ha bruk for sjølv :)

Triangelklubben arrangerer RBRX 2017 som er bedehuset sitt eige rallycrossløp. Det blir også aktivitetsrom med Lego og teiknesaker.

Me opnar med ei kort samling med song og musikk, appell og orientering om det som skal skje. Møt opp og få med deg alt frå starten!

Ta med familien og andre du kjenner :)

Alt overskot går til drift og vedlikehald av bedehuset.