Arrangementa var fordelt på møter, klubbkveldar, (ungdomsklubb 3 fredagar i månaden,) søndagsskule, pizzakveldar, bønesamlingar, mingle- og spelekveldar, laurdagskafear, basarar, bedehustorg, konfirmasjonsfest, bingo, julearrangement, gudstenester, bibeltimar og dugnadar. I tillegg er huset mykje nytta til dåpsselskap, konfirmasjonar, åremålsdagar og minnesamvær. Rubbestadneset bedehus er ein stad der bygda kjem saman.
Men då coronapandemien kom vart det brått stille i det flotte forsamlingshuset vårt på Rubbestadneset.
2020 og 2021 har vore eit spesielt og vanskeleg år for både landet og bygda. Me har lagt bak oss eit år som har hindra oss i å møta familie, venner, naboar og sambygdingar, dette har vore eit stort sakn for oss alle. Vår von for tida framover er at me på nytt skal kunna møtast til sosialt samvær, drøs, hygge og nærleik. Me ser fram mot ei tid der me skal få til mykje kjekt for små og store, unge og eldre i Rubbestadneset bedehus. Huset der me kan møtast på tvers av aldersgrupper og generasjonar.
Styret i Rubbestadneset bedehus ser at det er utfordrande å ivareta og driva bedehuset på best mogleg måte i ei tid der alle inntekter uteblir. I denne samanheng går me derfor ut og ber om støtte slik at me i framtida kan opna dørene til bedehuset, og ønskja heile bygda velkommen til både basarar, torgdagar, bingo, pizzakveldar, bibeltimar og ungdomsklubb for dei flotte ungdommane i bygda vår. All støtte blir motteke med stor takksemd.
Vipps, Rubbestadneset Bedehus: 125677
På førehand, takk.
Med venleg helsing Styret i Rubbestadneset Bedehus