Gled deg til historiar om bygda Rubbestadneset ca 1940-1960. Me skal litt innom krigen, Wichmann,kva butikkar, varer og tjenester som fantest i bygda, foreningsliv ,idrettsaktivitetar, kor, musikklaget, yrkesskulen og mykje meir. Og det kjekkaste av alt er at dette skal forteljast av personar som budde her i heile eller deler av denne perioden ?.

Møt tidleg så du finn parkering, velkomen?

Strategisamlingane på bedehuset har resultert i eit strategidokument som blir presentert her.

 

 

 

 

18. november inviterer me til «Bedehustorg» på Rubbestadnes bedehus! 

 Bedehustorget er eit triveleg og populært arrangement med mange aktivitetar for store og små. Her kan du eta laurdagsgrauten med familien og kose deg med kaffi, smørbrød og kaker frå eit rikhaldig og lekkert kakebord.